Handelsagentar treng ikkje å ha noko direkte å gjere med ordrar

Høgsteretts dom 7. april 2022, HR-2022-728-A, (sak nr. 20-183236SIV-HRET),
sivil sak, anke over dom.

Norep AS (advokat Magne Mjaaland) mot Haugen-Gruppen AS (advokat Thor Einar Kristiansen)

Eit selskap hadde i fleire år drive salsverksemd for ein daglegvareleverandør. Da avtalen blei sagd opp, kravde selskapet avgangsvederlag etter agenturlova. Daglegvareleverandøren godtok ikkje dette og meinte at sidan selskapet ikkje hadde hatt noko å gjere med ordrane, var det ikkje omfatta av definisjonen i agenturlova av kven som er ein «handelsagent».

Eit selskap hadde i fleire år drive salsverksemd for ein leverandør av daglegvarer. Da avtalen blei sagd opp, kravde selskapet avgangsvederlag etter agenturlova. Daglegvareleverandøren godtok ikkje dette og meinte at sidan selskapet ikkje hadde hatt noko å gjere med ordrane, var det ikkje omfatta av definisjonen i agenturlova av kven som er ein «handelsagent».

Høgsterett vurderte denne tolkinga og kom til at agenturlova § 1 ikkje stiller krav om at ein handelsagent må ha hatt noko å gjere med ordrane. Avgjerda i lagmannsretten måtte dermed opphevast.

Høgsterett fann at verken lova eller andre rettskjelder stilte eit slikt krav. Det avgjerande var at lovgivaren hadde som føresetnad at lova skulle tolkast i samsvar med eit EU-direktiv som er bindande for Noreg. Gjennom mellom anna ei tolkingsutsegn frå EFTA-domstolen var det klart at heller ikkje direktivet krev at ein handelsagent har noko direkte å gjere med ordrane.

Dommen avklarer at det ikkje er eit krav at handelsagentar har noko direkte med ordrar å gjere.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Agenturrett. Agenturlova § 1 og § 28.

Nøkkelavsnitt: 50–53.

Dommarar: Øie, Matheson, Falkanger, Ringnes, Bergh