Jurisdiksjon i barnevernssak sjølv om barna er i utlandet

Høgsteretts dom 25. januar 2022, HR-2022-207-A, (sak nr. 21-145427SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

X kommune (advokat Jørgen Aandal Vangsnes) mot A, B (advokat Johannes Wegner Mæland)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Bergsjø, Falch, Sæther

Eit foreldrepar reiste til England med dei to barna sine straks etter at kommunen hadde varsla foreldra om at kommunen ville innleie sak om omsorgsovertaking av barna. Fylkesnemnda vedtok omsorgsovertaking vel to månader etter utreisa. No, meir enn to år seinare, bur barna framleis i England saman med mora.

Høgsterett kom til at fylkesnemnda hadde myndigheit – jurisdiksjon – til å vedta omsorgsovertaking, og til at norske domstolar framleis har jurisdiksjon til å overprøve vedtaket.

Høgsteretts grunngiving var at barna hadde «vanlig bosted» i Noreg da fylkesnemnda gjorde vedtaket, jf. barnevernlova § 1-2 og Haagkonvensjonen 1996 artikkel 5. Etter at vedtaket var gjort, var tilbakehaldet av barna i England ulovleg – «wrongful» – jf. konvensjonen artikkel 7. Tilbakehaldet var ulovleg sjølv om utreisa frå Noreg var lovleg. Kommunen hadde dessutan, innanfor den fristen føresegna set, innleidd ei verserande rettssak i England med sikte på tilbakelevering av barna.

Høgsterett kom vidare til at fristen i barnevernlova § 4-13 for å sette i verk omsorgsovertakinga ikkje er utløpt.

Dommen gir rettleiing om kva jurisdiksjon norske myndigheiter og domstolar har til å behandle barnevernsaker når barnet oppheld seg i utlandet.

Les heile avgjerda