Pålegg om retting og tvangsmulkt som følge av vegtiltak i LNF-område
Høgsteretts dom 27. januar 2022, HR-2022-234-A, (sak nr. 21-072017SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B (advokat Hugo Pedersen Matre) mot Staten v/Kommunal- og distriktsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Anne Dalheim Jacobsen)
Dommarar: Matheson, Falkanger, Arntzen, Falch, Sæther
Høgsterett kom til at Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) gjorde eit gyldig vedtak da to grunneigarar fekk pålegg om retting og betaling av tvangsmulkt fordi dei utan løyve hadde anlagt ein veg i eit LNF-område.
A erverva ein landbrukseigedom i 2015 og ville satse på hestedrift og sauehald. Saman med eigaren av naboeigedommen anla ho ein veg på til saman 750 meter over eigedommane, utan at det var søkt om løyve etter plan- og bygningslova. Kommunen og Fylkesmannen kom til at vegtiltaket var søknadspliktig etter denne lova, og gjorde vedtak om sanksjonar etter kapittel 32.
Spørsmålet i saka var om plan- og bygningslova heimla eit slikt vedtak, gitt at vegtiltaket også var regulert av landbrukslovgivinga. Dei to regelsetta er samordna i plan- og bygningslova § 20-6 og byggesaksforskrifta § 4-3, slik at det på nærmare vilkår er gjort unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova. Høgsterett kom til at unntaket berre gjeld dersom det er gitt løyve til vegtiltaket etter landbruksforskrifta, noko som ikkje var tilfellet i denne saka. Det er ikkje tilstrekkeleg at vegtiltaket er regulert i anna lovgiving enn plan- og bygningslova. Vegtiltaket var dermed i strid med plan- og bygningslova, og kunne sanksjonerast etter kapittel 32.
Avgjerda gir rettleiing om kva som skal til for at særlovgiving trer i staden for søknadsplikt etter plan- og bygningslova ved tiltak knytte til fast eigedom.