Ikkje høgare salær til advokat med dysleksi
Høgsteretts orskurd 10. februar 2022, HR-2022-350-A, (sak nr. 21-125186SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
Advokat A (advokat Bendik Falch-Koslung) mot Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Håkon Christian Nyhus)
Dommarar: Webster, Falkanger, Bull, Bergsjø, Thyness
Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det ved salærfastsettinga ikkje er høve til å gi dekning for auka tidsbruk på grunn av dysleksi hos advokaten. Høgsterett kom til at dette var rett forståing av salærforskrifta § 7, og forkasta anken frå advokaten.
Ein advokat kravde salær for 118 timars arbeid med førebuing til ei straffesak, men fekk berre betalt for 40. Han gjorde gjeldande at den auka tidsbruken kom av at han har dysleksi, og at det inneber indirekte diskriminering dersom det ikkje blir tatt omsyn til denne funksjonsnedsettinga når salæret blir fastsett.
Advokaten fekk ikkje medhald. Høgsterett la til grunn at retten skal fastsette salæret ut frå omfanget av og kompleksiteten ved saka. Målestokken er kor lang tid ein alminneleg dyktig advokat på rettsområdet ville brukt på saka. Ei eventuell forskjellsbehandling av personar med funksjonsnedsettingar ved salærfastsettinga er lovleg, og det inneber derfor ikkje indirekte diskriminering at det ikkje blir tatt omsyn til slike individuelle føresetnader.
Orskurden gir rettleiing om forståinga av salærforskrifta § 7 og fleire føresegner i likestillings- og diskrimineringslova.