Arbeidstakar med varig redusert arbeidsevne kunne seiast opp
Høgsteretts dom 16. februar 2022, HR-2022-390-A, (sak nr. 21-119780SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Sigurd Øyvind Kambestad), Fagforbundet (partshjelpar) (advokat Børge Benum) mot Widerøes Flyveselskap AS (advokat Knut-Marius Sture)
Dommarar: Falkanger, Bull, Ringnes, Thyness, Sæther
Arbeidstakaren hadde vore tilsett sidan 2001, men fekk etter kvart helseproblem som gjorde at han ikkje klarte å arbeide fulltid. Arbeidsgivaren forsøkte i fleire år å få mannen tilbake i full jobb, i form av andre stillingar og redusert arbeidstid. I 2019 blei det klart at mannen ikkje ville klare å arbeide meir enn 50 prosent. Han blei da sagd opp fordi arbeidsgivaren meinte det ville vere vanskeleg å la han halde fram permanent på halv tid i det som var ei fulltidsstilling.
Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivaren ei plikt til å legge til rette «så langt det er mulig» for arbeidstakarar som får redusert arbeidsevne som følge av mellom anna sjukdom.
Høgsterett kom til at dei problema som ein permanent reduksjon av arbeidstida i dette tilfellet ville by på, gjekk ut over det som etter arbeidsmiljølova måtte reknast som «mulig» å legge til rette for. Det blei lagt vekt på arbeidsgivaren sitt behov for å bestemme organisasjons- og stillingsstrukturen i bedrifta.
Grunnlaget for domstolsprøvinga av oppseiingar er dokumentasjon av dei vurderingane arbeidsgivaren har gjort før oppseiinga, men Høgsterett meinte at det i ei sak som dette var høve til å supplere med ei forklaring for retten frå arbeidsgivaren si side.
Dommen gir rettleiing om tilretteleggingsplikta arbeidsgivaren har når ein arbeidstakar får redusert arbeidsevne. Han gir også rettleiing om i kva grad retten kan bygge på opplysningar som kjem fram i retten om grunnlaget for oppseiinga.