Kommune kan saksøkast for påståtte menneskerettsbrot

Høgsteretts orskurd 17. februar 2022, HR-2022-401-A, (sak nr. 21-113455SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

A, B (advokat Karl Nicolai Vogt Skjerdal) mot X kommune (advokat Kristian Foss Aalmo)

Dommarar: Indreberg, Noer, Ringnes, Arntzen, Falch

To brør meinte dei hadde krav på erstatning for krenkingar og påkjenning – såkalla ikkje-økonomisk tap – frå Tolga kommune. Bakgrunnen var at kommunen i fleire år hadde registrert dei som psykisk utviklingshemma og meldt inn til Fylkesmannen at dei trong verjemål.

Brørne meinte at kommunen hadde handla i strid med rettane deira etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 3 (forbodet mot nedverdigande behandling) og artikkel 8 (retten til respekt for privatliv). Etter deira syn hadde dei krav på erstatning for ikkje-økonomisk tap etter artikkel 13 i konvensjonen, og dei meinte at søksmålet kunne rettast mot kommunen.

Kommunen påstod at søksmålet måtte avvisast, og at slike søksmål må rettast mot staten. Kommunen fekk medhald i tingretten og lagmannsretten.

Høgsterett gav brørne medhald og kom til at søksmålet kan fremmast mot kommunen. Det blei lagt vekt på at spørsmålet måtte avgjerast etter vanlege nasjonale reglar. Etter intern norsk rett kan søksmål reisast mot den offentlege instansen som saksøkaren meiner å ha eit krav mot.

Dommen avklarer søksmålsvilkåra ved krav om erstatning for ikkje-økonomisk tap for påståtte menneskerettsbrot.

Les heile avgjerda