Turveg over fritidseigedom utgjorde ingen mangel
Høgsteretts dom 18. februar 2022, HR-2022-418-A, (sak nr. 21-120073SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B, C, D, HDI Global Specialty SE, Sverige filial (advokat Arne Meidell) mot E, F (advokat Leif Inge Håland)
To kjøparar av ein fritidseigedom kravde prisavslag og erstatning. Årsaka var at kommunen etter overtakinga vedtok å legge ein turveg over eigedommen. Seljarane avslo krava og fekk medhald i Høgsterett.
Høgsterett tok utgangspunkt i den alminnelege regelen om at kjøparen overtar risikoen for eigedommen idet overtakinga skjer. På overtakingstidspunktet var forslag om ein turveg over eigedommen ikkje sendt på høyring eller vedtatt. Kjøparane måtte sjølve bere risikoen for eit mogleg seinare vedtak om ein turveg. At det var lagt til rette for turvegen i ein vedtatt reguleringsplan, hadde ikkje betydning. Eigedommen var dermed ikkje i vesentleg dårlegare stand enn dei hadde grunn til å rekne med.
Seljarane hadde også oppfylt opplysningsplikta si. Da eigedommen blei seld, var den kommunale planprosessen i ein tidleg fase, og det var ikkje mogleg å gi kjøparane meir informasjon om den moglege turvegen enn det som gjekk fram av salsprospektet. Det var heller ikkje gitt uriktige opplysningar.
Dommen gir rettleiing om mangelsvurderinga når eit offentlegrettsleg vedtak påverkar ein seld eigedom på ein negativ måte.
Dommen gir også rettleiing om kor langt opplysningsplikta rekk.