Felling av fjellrev var grovt aktlaust
Høgsteretts dom 30. mars 2022, HR-2022-666-A, (sak nr. 21-155063STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland)
Ein mann i Rogaland hadde i 2019 skote og drepe ein freda fjellrev. Fjellreven er nasjonalt trua, og Høgsterett kom til at mannen hadde handla grovt aktlaust.
Den ulovleg felte reven var fanga i ein fangstboks som den domfelte hadde sett opp på eigedommen sin. Reven var kvit, men den domfelte var sikker på at han hadde skote ein albinoraudrev. Han undersøkte ikkje dette nærmare sjølv om han visste at fjellreven er freda og utryddingstrua. Trass i at fjellrev er svært uvanleg i Rogaland, meinte Høgsterett at mannen sterkt må klandrast for å ha felt dyret. Det blei lagt vekt på at jegeren hadde handlingsalternativ.
Høgsterett fastsette straffa til 60 dagars fengsel og tap av retten til jakt og fangst i ein periode på eitt år.
Dommen gir mellom anna rettleiing for kva som ligg i kravet til «grovt uaktsomt» ved alvorleg miljøkriminalitet.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 240 og § 56 første ledd bokstav b.
Dommarar: Indreberg, Matheson, Normann, Høgetveit Berg, Steinsvik