Overføring til tvungent psykisk helsevern for mellom anna truslar mot Kongen

Høgsteretts dom 2. juni, HR-2022-1110-A, (sak nr. 21-182690STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Berit Sagfossen)

Ein mann som var utilrekneleg, stod tiltalt for mellom anna drapstruslar mot Kongen og ein polititenestemann. Eit sentralt spørsmål var om e-postar mannen sende til Slottets postmottak, var truslar mot Kongen som var eigna til å påverke eller hindre Kongen i verksemda hans.

Høgsterett har komme til at utsegnene er ramma av straffelova § 115 om angrep på verksemda til dei høgaste statsorgana. Høgsterett fann vidare at truslar mot ein polititenestemann og mot bestefaren til den tiltalte var eigna til å skape alvorleg frykt.

Vilkåra for overføring til tvungent psykisk helsevern etter straffelova § 62 andre ledd var også oppfylte. Høgsterett uttaler at det ved overføring til tvungent psykisk helsevern ikkje skal givast varetektsfrådrag i lengstetida, som etter lova er tre år.

Dommen gir eit eksempel på kva som er «angrep på de høyeste statsorganenes virksomhet», og illustrerer når overføring til tvungent psykisk helsevern er nødvendig for å verne samfunnet mot samfunnsskadelege eller særleg plagsame lovbrot.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett. Tvungent psykisk helsevern. Straffelova § 62 andre ledd, § 115 og § 263

Nøkkelavsnitt: 25–26, 37, 64–65 og 102

Dommarar: Matheson, Normann, Noer, Ringnes, Arntzen