Inntekt kan ikkje inndragast trass i uriktig asylforklaring

Høgsteretts dom 15. juni 2022, HR-2022-1178-A, (sak nr. 21-183569STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Ein mann frå Sudan hadde gitt uriktige forklaringar til myndigheitene om sin eigen bakgrunn og identitet, mellom anna ved søknad om asyl og forlenging av opphaldsløyvet. For dette blei han dømd til fengselsstraff. For Høgsterett var spørsmålet om dei inntektene han hadde hatt i Noreg i form av lønn og stønader, og sparte utgifter til førarkortopplæring, kunne inndragast.

Høgsterett har komme til at inntektene, stønadene og dei sparte utgiftene ikkje kan inndragast som «utbytte av en straffbar handling». Det blei lagt avgjerande vekt på at utlendingen ikkje var tiltalt for å ha arbeidd ulovleg i Noreg, og at det ikkje var tilstrekkeleg nær tilknyting mellom dei straffbare handlingane og inntektene.

Dommen klargjer kravet til årsakssamanheng ved inndraging av utbytte.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett, straffelova § 67

Nøkkelavsnitt: 36–37, 40–44

Partar og prosessfullmektigar: A (advokat Knut Henning Larsen)
mot Påtalemakta (statsadvokat Joakim Ziesler Berge)

Dommarar: Falkanger, Falch, Østensen Berglund, Høgetveit Berg, Steinsvik