Ikkje samfunnsstraff etter utelivsvald

Høgsteretts dom 15. juni 2022, HR-2022-1180-A, (sak nr. 21-159779STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Den tiltalte og den fornærma kom i krangel på ein utestad og blei bedt om å gå ut. Begge var ruspåverka. Straks den fornærma kom utanfor, slo den tiltalte han hardt i ansiktet med knytt hand, slik at han gjekk i bakken. Medan han låg nede, fekk han eit spark eller tramp mot hovudet. Den fornærma fekk fleire brot i ansiktet og var sjukmeld i éin månad.

Eit hovudspørsmål i saka var om den tiltalte skulle få samfunnsstraff i staden for fengselsstraff. Han hadde tatt positive grep for å komme inn på eit betre spor og vekk frå kriminalitet, men han var ikkje i ein rehabiliteringssituasjon som etter Høgsteretts praksis kan gi samfunnsstraff. Tunge allmennpreventive omsyn tilseier fengsel utan vilkår ved utelivsvald, og ein dom på samfunnsstraff ville innebere å senke den høge terskelen for ein slik reaksjon ved kroppsskade. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for samfunnsstraff i denne saka.

Ved den konkrete straffutmålinga uttaler Høgsterett at den føregåande krangelen ikkje kan rettferdiggjere valden. Utgangspunktet er ei fengselsstraff på seks månader. Etter eit tillegg i straffa for ein tidlegare valdsdom og eit mindre frådrag for saksbehandlingstida blei straffa sett til fengsel i sju månader, men med to av månadene på vilkår.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett, straffelova §§ 273 og 48.

Nøkkelavsnitt: 13, 17, 18, 30, 37, 38

Partar og prosessfullmektigar: Påtalemakta (kst. statsadvokat Ellisiv Emblem Bentdal) mot A (advokat Jon Anders Hasle)

Dommarar: Matheson, Noer, Bergsjø, Ringnes, Bergh