Bot på 300 000 kroner for bruk av ulovleg arbeidskraft

Høgsteretts dom 22. juni 2022, HR-2022-1245-A, (sak nr. 21-167271STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Eit reinhalds- og bodbilfirma hadde tilsett ein borgar frå Sri Lanka som ikkje hadde arbeidsløyve. Mannen hadde jobba for firmaet i eitt år og ti månader. Føretaket blei straffa for bruk av ulovleg arbeidskraft. Spørsmålet for Høgsterett var kor stor føretaksstraffa skulle bli.

Høgsterett tok utgangspunkt i at forbodet mot bruk av ulovleg arbeidskraft er sentralt i norsk innvandringspolitikk, og at omsynet til allmennprevensjon står sterkt. Lovbrota kan vere vanskelege å oppdage og inneber ofte utnytting av menneske i ein sårbar situasjon. Misbruk av utanlandsk arbeidskraft undergrev ordna lønns- og arbeidsvilkår og kan gi eit urimeleg konkurransefortrinn til skade for seriøse aktørar. Samtidig må den konkrete straffa stå i eit rimeleg forhold til lovbrotet.

I denne saka er det skjerpande at den ulovlege bruken har pågått over lang tid. Arbeidsgivaren hadde opptredd grovt aktlaust ved tilsettinga, og det var ikkje etablert nødvendige rutinar eller tiltak. På den andre sida hadde den tilsette fått forsvarleg lønn, og det var trekt skatt. Med utgangspunkt i dei sterke allmennpreventive omsyna som gjer seg gjeldande, set Høgsterett bota til 300 000 kroner.

Avgjerda gir rettleiing om bruken av politiets bøtedirektiv og nivået på føretaksstraffa når det er brukt ulovleg arbeidskraft over ein lengre periode.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 27 og § 28, utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav a

Nøkkelavsnitt: 32

Partar og prosessfullmektigar: Victor Services AS (advokat Pål Sverre Hernæs) mot Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Øie, Falkanger, Arntzen, Falch, Høgetveit Berg