Fengsel i ni år og seks månader for oppbevaring av amfetaminolje
Høgsteretts dom 23. juni 2022, HR-2022-1259-A, (sak nr. 22-010339STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Ein mann frå Litauen var funnen skuldig i å ha oppbevart ei stor mengd amfetaminolje og noko amfetamin i pulverform. Amfetaminolje kan ikkje brukast til rusformål utan bearbeiding. Spørsmålet for Høgsterett var korleis ein skulle berekne mengda amfetamin ut frå amfetaminoljen.
Høgsterett bygger på at planen mannen hadde med amfetaminoljen, var å produsere amfetamin til rusbruk i pulverform med normal styrkegrad. Berekninga av stoffmengda må dermed ta utgangspunkt i dette.
Stoffet kunne samla gi snautt 40 kilo amfetamin i pulverform med normal styrkegrad. Straffa for den som har ei sentral rolle i tilknyting til ei slik mengd amfetamin, er fengsel i om lag 12 år. På grunn av tilståing blei straffa sett til fengsel i ni år og seks månader.
Dommen gir rettleiing for straffutmålinga for å ha med amfetaminolje å gjere.
Rettsområde: Strafferett. Straffutmåling.
Nøkkelavsnitt: 25, 28
Partar og prosessfullmektigar: A (advokat Brynjulf Risnes) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Daniel Sollie)
Dommarar: Øie, Noer, Kallerud, Arntzen, Bergh