Skjerpa straff for grovt rekneskapslovbrot
Høgsteretts dom 23. juni 2022, HR-2022-1260-A, (sak nr. 22-001937STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Ein tidlegare dagleg leiar og styreleiar hadde i ein periode på to år og fire månader ikkje ført rekneskap for verksemda. Selskapet dreiv med omsetning av bruktbilar.
Spørsmålet for Høgsterett var om forholdet skulle reknast som grovt rekneskapslovbrot, og kva straffa skulle bli. Høgsterett kom, i motsetning til lagmannsretten, til at lovbrotet var grovt, og auka fengselsstraffa frå 60 til 120 dagar.
Ved vurderinga av om lovbrotet var grovt, la Høgsterett særleg vekt på at det hadde skjedd over lang tid, og at det var risiko for betydeleg skade av økonomisk eller annan art. Lovbrotet hadde også gjort det vanskeleg å kontrollere verksemda.
Dei same momenta blei tillagde vekt ved utmålinga av straffa. I denne saka var det ikkje formildande at den domfelte etter kvart hadde forsøkt å få orden på rekneskapane ved å engasjere rekneskapskunnige. Høgsterett viste til at allmennpreventive omsyn tilseier at det blir reagert strengt på denne typen lovbrot.
Dommen bidrar til å klargjere grensa mellom rekneskapslovbrot og grovt rekneskapslovbrot, og gir i tillegg rettleiing for straffutmålinga.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 392 og § 393
Nøkkelavsnitt: 19, 25, 27, 28
Partar og prosessfullmektigar: Påtalemakta (statsadvokat Rudolf Martin Christoffersen) mot A (advokat Bent Endresen)
Dommarar: Øie, Normann, Noer, Kallerud, Arntzen