Filipstad-ulykka – Anken frå Bane NOR forkasta
Høgsteretts dom 27. juni 2022, HR-2022-1271-A, (sak nr. 21-139421STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Ein ungdom blei drepen og to sterkt skadde ved ei ulykke på Filipstad driftsbanegård i Oslo sentrum i februar 2019. Ulykka skjedde da tre ungdommar tok seg inn på jernbaneområdet, der dei klatra opp på eit tog og kom i kontakt med ei høgspent kontaktleidning.
Bane NOR blei tiltalt for manglande sikring og for aktlaust å ha valda død og betydeleg skade på kropp og helse. Bane NOR blei domfelt for alle forholda i lagmannsretten og gitt ei bot på 10 millionar kroner, og anka over rettsbruken til Høgsterett.
Høgsterett konkluderer med at personar i føretaket hadde opptredd aktlaust, anten kvar for seg eller samla. Bane NOR hadde både høve og oppfordring til å sette i verk tiltak som var eigna til å avverje hendinga, og det var ein årsakssamanheng mellom Bane NORs unnlatingar og ulykka. Anken frå Bane NOR blir dermed forkasta.
For Høgsterett reiste saka særleg spørsmål om bruk av føretaksstraff i eit tilfelle der det ikkje er påvist skuld knytt til nokon identifisert enkeltperson. Avgjerda klargjer også kravet til årsakssamanheng ved straffbare unnlatingar.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 27, § 28 og § 281, jernbanelova § 6 andre ledd, sikkerheitsstyringsforskrifta § 2-3
Nøkkelavsnitt: 49, 50, 52, 53, 62-64
Partar og prosessfullmektigar: Bane NOR SF (advokat Per Sigvald Wang) mot Påtalemakta (statsadvokat Sturla Henriksbø)
Dommarar: Øie, Falkanger, Arntzen, Høgetveit Berg, Thyness