Skjerpa straff for smugling av sigarettar, brennevin og øl

Høgsteretts dom 29. juni 2022, HR-2022-1301-A, (sak nr. 22-027759STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Marius Oscar Dietrichson) mot Påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte)

Høgsterett har sagt dom i tre saker: HR-2022-1301-A, HR-2022-1302-A og
HR-2022-1303-A om straffutmåling for ulovleg innførsel av sigarettar, brennevin og øl. Sakene gjaldt ulike mengder smuglarvarer og blei behandla av dei same dommarane. Bakgrunnen var eit behov for å avklare straffenivået for denne typen brot på tollova. I alle sakene var dei domfelte polske statsborgarar som førte vogntog inn i Noreg over Svinesund. Lasta var pakka i plast på pallar i hengaren og forsegla, og det blei brukt falske fraktdokument.

HR-2022-1301-A gjaldt smugling av 1 964 200 sigarettar, 9 598 liter brennevin og 648 liter øl. Det unndratte avgiftsbeløpet var berekna til i underkant av 11,4 millionar kroner. Høgsterett uttaler at ei straff på fengsel i tre år og fem månader ville vore passande. Fordi ei mogleg skjerping av straffa ikkje var varsla på førehand, endra Høgsterett likevel ikkje straffa på fengsel i tre år og tre månader som var fastsett i lagmannsrettsdommen.

Høgsterett uttaler at denne forma for smugling er ei sterkt samfunnsskadeleg verksemd, som bør motverkast med strenge straffer. Ved straffutmålinga har omfanget av og storleiken på avgiftsunndraginga stor betydning. I tillegg må det leggast vekt på om lovbrotet har eit organisert eller planmessig preg, og om det er utført på ein måte som gjer det vanskeleg å avdekke. Det må også leggast vekt på spreiingsfaren og rolla den domfelte har.

Les heile avgjerda

Nøkkelavsnitt: 19, 24, 25, 32, 38

Rettsområde: Strafferett. Tollova § 16-7

Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik