Skjerpa straff for smugling av sigarettar, brennevin og øl

Høgsteretts dom 29. juni 2022, HR-2022-1302-A, (sak nr. 22-074191STR-HRET)
straffesak, anke over dom.

Påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte) mot A (advokat Øivind Sterri)

Høgsterett har sagt dom i tre saker HR-2022-1301-A, HR-2022-1302-A og
HR-2022-1303-A om straffutmåling for ulovleg innførsel av sigarettar, brennevin og øl. Sakene gjaldt ulike mengder smuglarvarer og blei behandla av dei same dommarane. Bakgrunnen var eit behov for å avklare straffenivået for denne typen brot på tollova. I alle sakene var dei domfelte polske statsborgarar som førte vogntog inn i Noreg over Svinesund. Lasta var pakka i plast på pallar i hengaren og forsegla, og det blei brukt falske fraktdokument.

HR-2022-1302-A gjaldt smugling av 540 000 sigarettar, 12 089 liter brennevin og 648 liter øl. Det unndratte avgiftsbeløpet var berekna til i overkant av 7,5 millionar kroner. Straffa blei sett til fengsel i tre år. Høgsterett uttaler at det ut frå allmennpreventive omsyn er grunn til å heve straffenivået noko for ulovleg innførsel der det unndratte avgiftsbeløpet er på nivå opp mot 10 millionar kroner. I den samanhengen peiker Høgsterett på at ein betydeleg del av smuglinga ser ut til å gjelde slike omfang.

Les heile avgjerda

Nøkkelavsnitt: 20−22, 26

Rettsområde: Strafferett. Tollova § 16-7

Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Ringnes, Østensen Berglund og Steinsvik