Skjerpa straff for smugling av sigarettar, brennevin og øl

Høgsteretts dom 29. juni 2022, HR-2022-1303-A, (sak nr. 21-179659STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Påtalemakta (statsadvokat Ingrid Vormeland Salte) mot A (advokat Øivind Sterri)

Høgsterett har sagt dom i tre saker HR-2022-1301-A, HR-2022-1302-A og
HR-2022-1303-A om straffutmåling for ulovleg innførsel av sigarettar, brennevin og øl. Sakene gjaldt ulike mengder smuglarvarer og blei behandla av dei same dommarane. Bakgrunnen var eit behov for å avklare straffenivået for denne typen brot på tollova. I alle sakene var dei domfelte polske statsborgarar som førte vogntog inn i Noreg over Svinesund. Lasta var pakka i plast på pallar i hengaren og forsegla, og det blei brukt falske fraktdokument.

HR-2022-1303-A gjaldt smugling av 14 904 liter øl, 5 088 liter brennevin og 300 000 sigarettar. Det unndratte avgiftsbeløpet var på rundt 4,2 millionar kroner. Straffa blei sett til fengsel i eitt år og seks månader.

Spørsmålet var særleg kva betydning det får for straffutmålinga at lovbrotet ikkje er forsettleg, men grovt aktlaust. Høgsterett kom til at eit riktig nivå for eit forsettleg lovbrot ville vore fengsel i to år og seks månader, men at den utviste skulda måtte føre til redusert straff. Straffa må settast markert lågare enn ved forsettleg lovbrot fordi elementet av planmessig lovbrot manglar. Høgsterett meinte at ein reduksjon på 30 prosent var høveleg ut frå dei konkrete omstenda i saka.

Les heile avgjerda

Nøkkelavsnitt: 23, 24, 26, 27

Rettsområde: Strafferett. Tollova § 16-7

Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Ringnes, Østensen Berglund og Steinsvik