Ransaking av datamateriale for å skilje ut advokatkorrespondanse kan gjerast av ei åtskild eining i politiet
Høgsteretts orskurd 30. juni 2022, HR-2022-1317-A, (sak nr. 22-061707STR-HRET), straffesak, anke over orskurd.
A (advokat Kim Ellertsen) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Per Eirik Vigmostad-Olsen)
I ei pågåande etterforsking er ein mann sikta for mellom anna grov kvitvasking av meir enn 500 millionar kroner i utbytte frå eit særleg grovt narkotikalovbrot. I samband med etterforskinga har politiet sikra seg PC-ane og mobiltelefonane til den tiltalte. Datamaterialet skal også innehalde korrespondanse mellom den tiltalte og advokaten hans, og dette materialet er underlagt beslagsforbod etter straffeprosesslova.
Spørsmålet for Høgsterett var om retten den sikta har til respekt for privatliv og korrespondanse etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), gjer at politiet ikkje sjølv kan sortere ut advokatkorrespondansen, men at dette må gjerast av tingretten eller ein annan utanforståande instans.
Høgsterett har komme til at utsorteringa av advokatkorrespondanse kan gjerast av ei teknisk eining i politiet, i tråd med Riksadvokatens direktiv frå 9. juni 2021. Høgsterett legg vekt på at den tekniske eininga er organisatorisk åtskild frå etterforskingseininga, at personellet som sorterer ut materialet, ikkje kan utføre anna arbeid i saker der den aktuelle korrespondansen kan få betydning, og at tenestemennene har teieplikt om opplysningar som gjeld korrespondansen med advokat. Dette og andre fastsette rutinar for utsorteringa gjer at ho stemmer overeins med EMK.
Orskurden avklarer prosedyrane for utsortering av advokatkorrespondanse der datamaterialet ikkje er sikra hos advokaten sjølv.
Rettsområde: Straffeprosess. Straffeprosesslova § 204 jf. § 119 første ledd. EMK artikkel 8.
Nøkkelavsnitt: 88–89
Dommarar: Indreberg, Matheson, Normann, Arntzen, Steinsvik