Straffutmåling for heleri
Høgsteretts dom 30. juni 2022, HR-2022-1319-A, (sak nr. 22-020892STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Karl Nicolai Vogt Skjerdal), B (advokat Knut Helge Hurum) mot Påtalemyndigheten (statsadvokat Peter Andre Johansen)
Høgsterett har gjennom behandlinga av to saker (HR-2022-1319-A og HR-2022-1320-A) avklart kva beløp som skal leggast til grunn som «utbytte av en straffbar handling» i saker om heleri og kvitvasking.
I HR-2022-1319-A hadde to kvinner gjort seg skuldige i heleri ved å ta imot pengar som dei var klar over stamma frå «svart» arbeid. Til saman hadde dei hatt å gjere med rundt 3,1 og 1,2 millionar kroner over ein periode på omkring to år.
Heleri inneber at ein handterer eit utbytte frå ei straffbar handling som ein annan – primærlovbrytaren – har gjort. Eventuelle utgifter knytte til primærlovbrotet, for eksempel lønn til arbeidarar som har arbeidd «svart», har ikkje betydning ved straffutmålinga for ein helar som har med pengar frå verksemda å gjere. Høgsterett fastsette derfor straffa basert på heile beløpet dei to hadde handtert, men streka under at storleiken på beløpet berre er eitt av mange straffutmålingsmoment.
Riktig utgangpunkt for straffa var i denne saka fengsel i høvesvis eitt år og seks månader og noko over eitt år. Etter frådrag for altfor lang saksbehandlingstid blei straffa for den eine fengsel i eitt år, der tre månader av straffa blei gjorde til vilkårsstraff av omsyn til at ho hadde omsorg for eit lite barn. For den andre blei straffa fengsel i åtte månader.
Dommen avklarer korleis straffutmålinga skal gjerast ved heleri. På grunn av den nære samanhengen med kvitvasking gir dommen også retningslinjer for straffutmålinga i den sakstypen.
Nøkkelavsnitt: 38, 47, 52
Rettsområde: Strafferett, heleri, kvitvasking
Dommarar: Falkanger, Noer, Kallerud, Bergsjø, Thyness