Straffutmåling for kvitvasking
Høgsteretts dom 30. juni 2022, HR-2022-1320-A, (sak nr. 22-022646STR-HRET), straffesak, anke over dom.
I. Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen) II. A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)
Høgsterett har gjennom behandlinga av to saker ( HR-2022-1319-A og HR-2022-1320-A) avklart kva beløp som skal leggast til grunn som «utbytte av en straffbar handling» i saker om heleri og kvitvasking.
I HR-2022-1320-A hadde den domfelte kvitvaska noko over 600 000 kroner som stamma frå «svart» arbeid. Handlingane hans var eit nødvendig og viktig ledd i ei systematisk og omfattande verksemd som er svært samfunnsskadeleg. I tråd med HR-2022-xxx-A må totalbeløpet den tiltalte hadde med å gjere, leggast til grunn for straffutmålinga.
Høgsterett kom til at eit passande utgangspunkt for straffa var fengsel i seks til sju månader. Det blei tatt omsyn til at den domfelte hadde bidratt til ei smidig saksavvikling, og at saksbehandlingstida også i denne saka hadde vore altfor lang. Straffa blei etter dette fastsett til fengsel i 120 dagar.
Dommen bidrar til avklaring av straffenivået for grov kvitvasking.
Nøkkelavsnitt: 22, 25
Rettsområde: Strafferett, heleri, kvitvasking
Dommarar: Falkanger, Noer, Kallerud, Bergsjø, Thyness