14-åring blei utsett for grov kroppskrenking
Høgsteretts dom 30. juni 2022, HR-2022-1321-A, (sak nr. 21-154811STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (riksadvokatfullmektig Mads Fredrik Baardseth) mot A (advokat John Christian Elden)
Ein vennegjeng ringde ein vinterkveld på hos ein familie i eit bustadområde for så å stikke av. Da dette hadde gjentatt seg nokre gonger, blei faren i familien irritert og sprang etter dei oppover ein isdekt sti. Da han tok igjen ein av gutane, hoppa han fram og la guten i bakken. Guten fekk som følge av dette ei hjerneristing som utvikla seg til kroniske plager – post-commotio syndrom.
Høgsterett kom til at kroppskrenkinga var grov. Den alvorlege skaden guten fekk som følge av valdsbruken, talte med tyngde for å sjå på krenkinga som grov. Det hadde mindre vekt at omfanget av skadefølgene var «noe upåregnelige». Oppførselen til vennegjengen hadde vore plagsam og kritikkverdig, men det kunne ikkje forsvare at ein vaksen person reagerte slik den domfelte gjorde. Høgsterett la også noko vekt på det ulike styrkeforholdet mellom den domfelte, ein vaksen mann med bakgrunn frå mellom anna kampsport, og den 14 år gamle guten.
Ved straffutmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i at handlinga tilsa ei straff på fengsel utan vilkår i 60 dagar. Mellom anna som følge av ei viss liggetid i saka blei straffa redusert til fengsel i 45 dagar.
Dommen bidrar til å klargjere grensa for når ei kroppskrenking er grov, og kva som er riktig straffenivå for slike lovbrot.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 272
Nøkkelavsnitt: 19–21 og 33–34
Dommarar: Falkanger, Noer, Bergsjø, Østensen Berglund, Thyness