Livstruande skadar etter knivstikk – dommen i lagmannsretten blir oppheva
Høgsteretts dom 30. juni 2022, HR-2022-1323-A, (sak nr. 21-184295STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (statsadvokat Sturla Henriks bø) mot A (advokat Marius Oscar Dietrichson)
Under ein samankomst der deltakarane var sterkt påverka av rus, stakk ein av festdeltakarane ein av dei andre i buken med ein kjøkkenkniv. Offeret fekk livstruande skadar, men overlevde fordi han kom under medisinsk behandling.
Slik tilfellet ofte er ved valdsbrotsverk, hadde gjerningspersonen i gjerningsaugeblikket ikkje ein klar tanke om konsekvensane av valdshandlinga. Han eller ho kan likevel dømmast for forsettleg lovbrot dersom det ligg føre det som tradisjonelt har vore omtalt som «uklart» eller «sløret» forsett. Fleirtalet i lagmannsretten kom til at krava til slikt «uklart» forsett med omsyn til dødsfølge ikkje var oppfylte, og frifann for forsøk på drap. Gjerningspersonen blei i staden domfelt for grov kroppsskade.
Høgsterett meiner at lagmannsretten ikkje har brukt forsettskravet riktig, og opphevar lagmannsrettsdommen.
Mange straffebod gjeld handlingar som har bestemte skadefølger. Med dommen klargjer Høgsterett vilkåra for at gjerningspersonen har handla med forsett trass i at vedkommande ikkje aktivt har tenkt over konsekvensane av handlinga. Det avgjerande er om gjerningspersonen har kunnskap om dei konsekvensane handlinga sikkert eller mest sannsynleg vil ha, sjølv om denne kunnskapen berre er «passivt» til stades i gjerningsaugeblikket.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 22
Nøkkelavsnitt: 27
Dommarar: Øie, Normann, Bull, Arntzen, Falch