To knyttneveslag var ikkje grov kroppskrenking
Høgsteretts dom 9. mars 2022, HR-2022-549-A, (sak nr. 21-168988STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (riksadvokatfullmektig Mads Fredrik Baardseth) mot A (advokat John Christian Elden)
Ein 16 og eit halvt år gammal gut hadde saman med ein annan overfalle ein jamaldring. Den tiltalte slo den fornærma hardt i bakhovudet med knyttneven og deretter ein gong i overkroppen, slik at den fornærma fall. Gutane trefte kvarandre tilfeldig, men det hadde vore ein konflikt mellom den andre tiltalte og den fornærma tidlegare. Den fornærma blei ikkje påført skade eller sterk smerte.
Høgsterett kom til at forholdet skal reknast som vanleg kroppskrenking etter straffelova § 271 og ikkje som grov kroppskrenking etter § 272. Grensedraginga er avhengig av ei konkret heilskapsvurdering av krenkinga når det gjeld art, omfang og karakter. Det er eit viktig moment om kroppskrenkinga har ført til skade, sterk smerte eller død, men dette er ikkje eit vilkår for at forholdet kan reknast som grovt.
Høgsterett la i denne konkrete saka vekt på at overfallet ikkje var i kjerneområdet for kroppskrenking som har skjedd «uten foranledning og har karakter av overfall». Det var heller ikkje i kjernen av kva som blir rekna som ei kroppskrenking utført av «flere i fellesskap», og den fornærma blei ikkje påført skade. I denne saka hadde det ikkje nemneverdig betydning for straffutmålinga at forholdet blei rekna for å vere vanleg kroppskrenking.
Dommen gir rettleiing for grensedraginga mellom vanleg og grov kroppskrenking.