Sona for omvend valdsalarm var uforholdsmessig stor
Høgsteretts dom 5. april 2022, HR-2022-706-A, (sak nr. 21-175117STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Arild Christian Dyngeland) mot Påtalemakta (statsadvokat Tor Børge Nordmo)
Saka gjaldt spørsmål om ei sone for kontaktforbod med elektronisk kontroll – såkalla omvend valdsalarm – utgjorde eit uforholdsmessig inngrep overfor ein domfelt mann. Sona som lagmannsretten hadde fastsett, innebar at mannen måtte flytte frå heimstaden.
Ved avgjerda av om ei slik forbodssone er uforholdsmessig, må det gjerast ei konkret vurdering av kva som er nødvendig ut frå faren den domfelte er for den fornærma. Det reelle behovet den domfelte har for å kunne bevege seg i det aktuelle området, må også vurderast.
Den domfelte i saka var svært ressurssvak og utan fast bustad. Det einaste nettverket han hadde, gjennom slekt og venner, budde på heimstaden, som låg innanfor sona. Den fornærma hadde sjølv flytta eit stykke unna, men gjorde bruk av servicetilbodet på staden.
Høgsterett kom til at faren ikkje var stor for at han ville utøve vald mot den fornærma om dei skulle møtast. Dette, halde saman med dei vanskane ei flytting ville få for livssituasjonen hans, gjorde at heimstaden måtte haldast utanfor sona. Med i vurderinga var også at dei fleste av brota på besøksforbodet hadde skjedd fordi den fornærma tok initiativ til kontakt.
Dommen gir rettleiing for kva moment som er av betydning ved fastsetting av sone for kontaktforbod med elektronisk kontroll.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 57.
Dommarar: Skoghøy, Matheson, Normann, Bergh, Thyness