Mildare reaksjonar overfor rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk
Høgsteretts dom 8. april 2022, HR-2022-732-A, (sak nr. 21-159964STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre) mot A (advokat Jon Anders Hasle)
Høgsterett har sagt dom i tre saker (HR-2022-731-A, HR-2022-732-A, HR-2022-733-A) om straffutmåling for rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk. Sakene gjaldt ulike mengder narkotika og blei behandla med dei same dommarane. Bakgrunnen var dei lovgivarsignala som kom til uttrykk ved Stortingets behandling av Solberg II-regjeringas forslag om ei rusreform. Sjølv om fleirtalet ikkje gjekk inn for ei generell avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk, var det tverrpolitisk einigheit om at det er lite formålstenleg å straffe tungt rusavhengige for slike lovbrot. Sakene som no er behandla i Høgsterett, avklarer betydninga og rekkevidda av desse lovgivarsignala.
HR-2022-732-A gjaldt ein tungt rusavhengig som var domfelt for oppbevaring av noko under 7 gram heroin. Høgsterett kom til at lovgivarsignala knytte til forslaget om ei rusreform måtte få betydeleg vekt også i ei slik sak. Men mengda var over den rettleiande grensa på 5 gram som blei trekt opp i den første saka. Det var derfor ikkje aktuelt med straffutmålingsfråfall. Høgsterett fastsette straffa til fengsel på vilkår i 24 dagar.
Dommen avklarer kva for straffereaksjon som er riktig når ein tungt rusavhengig oppbevarer heroin til eige bruk, men mengda er noko over den rettleiande grensa på 5 gram. Dommen gir også rettleiing for straffutmålinga dersom den domfelte igjen skulle gjere seg skuldig i eit narkotikalovbrot.
Nøkkelavsnitt: 15, 16, 19
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 231, legemiddellova § 31 andre ledd jf. § 24 første ledd. Straffelova §§ 61, 34 og 48.
Dommarar: Skoghøy, Webster, Kallerud, Bergsjø, Steinsvik