Mildare reaksjonar overfor rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk

Høgsteretts dom 8. april 2022, HR-2022-733-A, (sak nr. 21-159906STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre)

Høgsterett har sagt dom i tre saker (HR-2022-731-A, HR-2022-732-A, HR-2022-733-A) om straffutmåling for rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk. Sakene gjaldt ulike mengder narkotika og blei behandla med dei same dommarane. Bakgrunnen var dei lovgivarsignala som kom til uttrykk ved Stortingets behandling av Solberg II-regjeringas forslag om ei rusreform. Sjølv om fleirtalet ikkje gjekk inn for ei generell avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk, var det tverrpolitisk einigheit om at det er lite formålstenleg å straffe tungt rusavhengige for slike lovbrot. Sakene som no er behandla i Høgsterett, avklarer betydninga og rekkevidda av desse lovgivarsignala.

HR-2022-733-A gjaldt straffutmåling for å ha hatt med 24 gram amfetamin å gjere. Høgsterett kom til at lovgivarsignala som blei gitt under stortingsbehandlinga av rusreforma, ikkje gav grunnlag for ei generell nedjustering av straffenivået for å ha hatt med så store kvantum narkotika å gjere. Med grunnlag i lovgivarutsegner frå 2005, om auka bruk av alternative reaksjonar overfor rusavhengige, kom Høgsterett likevel til at samfunnsstraff var ein tilstrekkeleg streng reaksjon. Straffa blei fastsett til samfunnsstraff i 60 timar, subsidiært fengsel i 50 dagar.

Dommen avklarer betydninga av lovgivarsignala når det gjeld å ha med større kvantum narkotika å gjere. Dommen gir føringar for auka bruk av samfunnsstraff overfor rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk over dei rettleiande grensene.

Les heile avgjerda

Nøkkelavsnitt: 22, 26 og 39.

Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 231, legemiddellova § 31 andre ledd jf. § 24 første ledd. Straffelova §§ 61, 34 og 48.

Dommarar: Skoghøy, Webster, Kallerud, Bergsjø, Steinsvik