Seksuell omgang med hundar var eit grovt brot på dyrevelferdslova

Høgsteretts dom 8. april 2022, HR-2022-737-A, (sak nr. 21-183545STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Stian F. Hermansen)

Ein mann var domfelt for mellom anna seksuell omgang med tre hundar. Hundane var misbrukte ved minst 20 høve over ein periode på sju år, men utan at dei blei skadde. Spørsmålet var om brotet på dyrevelferdslova var grov, og kva straff som var riktig.

Høgsterett kom til at brotet på dyrevelferdslova var grovt. Ved vurderinga la Høgsterett vekt på at handlingane utgjorde eit markert brot med dei etiske måla for korleis dyr skal behandlast. Høgsterett trekte vidare inn talet på overgrep, varigheita, talet på hundar, graden av skuld og formålet med handlingane. Medan lagmannsretten tok utgangspunkt i fengsel i 90 dagar for dette forholdet, meinte Høgsterett at 75 dagar var passande.

Dommen gir retningslinjer for når eit brot på dyrevelferdslova er grovt, og for straffutmålinga ved seksuell omgang med dyr.

Les heile avgjerd

aNøkkelavsnitt: 32−34

Rettsområde: Strafferett. Dyrevelferdslova § 37 andre ledd jf. § 14 første ledd bokstav c.

Dommarar: Skoghøy, Webster, Kallerud, Bergsjø, Steinsvik