Narkotikamistenkt kan overleverast til Polen
Høgsteretts orskurd 29. april 2022, HR-2022-863-A, (sak nr. 21-154386STR-HRET), straffesak, anke over orskurd.
A (advokat Nils Christian Nordhus) mot Påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)
Polske styresmakter har utferda arrestordre på ein norsk borgar som er mistenkt for utførsel av ei betydeleg mengd narkotika frå Polen. Høgsterett har komme til at mannen kan overleverast til straffeforfølging i Polen.
Av avgjerda i Høgsterett går det fram at det er store manglar ved det polske rettsvesenet, særleg fordi domstolane ikkje lenger er uavhengige av den lovgivande og utøvande makta, noko som skaper ein generell risiko for at den mistenkte vil få krenkt den grunnleggande retten han har til ein rettferdig rettargang. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg til å avslå eit krav om overlevering. Det må i tillegg vere ein reell risiko for at den aktuelle personen vil få krenkt rettane sine. Slik situasjonen er i Polen no, skal det lite til for at ein må avslå kravet.
I denne konkrete saka var det ikkje tilstrekkelege haldepunkt for at den aktuelle personen ville få krenkt rettane sine dersom han blei overlevert. Det var ikkje nok at narkotikasaka var stor, og at saka hans har vore omtalt i polske medium.
Avgjerda avklarer vilkåra for at mistenkte kan overleverast til Polen for straffeforfølging eller soning.
Nøkkelavsnitt: 32–36, 56–57, 72–73
Rettsområde: Strafferett. Arrestordrelova § 8 andre ledd, EMK artikkel 6.
Dommarar: Øie, Falkanger, Kallerud, Falch, Thyness