Avklaring av straffa for å unndra eit spedbarn omsorg frå barnevernet
Høgsteretts dom 5. mai 2022, HR-2022-922-A, (sak nr. 22-000341STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Folke Åmlid)
Ei mor tok i 2017 med seg spedbarnet sitt til Tunisia etter at barnevernet hadde vedtatt omsorgsovertaking og plassering i fosterheim. Trass i at norske styresmakter forsøkte å få barnet tilbake til Noreg, blei ho verande i Tunisia i meir enn to år. Spørsmålet var kva som var ei riktig straff for å unndra barnet omsorg frå barnevernet på denne måten.
Høgsterett var einig med lagmannsretten i at fengsel i eitt år og fire månader var eit riktig utgangspunkt ved straffutmålinga. Etter frådrag for tilståing og saksbehandlingstid blei straffa som i lagmannsretten sett til fengsel i eitt år og to månader.
Ved vurderinga la Høgsterett særleg vekt på varigheita av unndraginga og at mora var vurdert som uskikka til å ha omsorga for barnet. Høgsterett såg det slik at dette var eit ganske typisk eksempel på bortføring av barn til utlandet for å unndra det omsorg frå barnevernet. Lovgivaren har hatt ønske om ei skjerping av straffenivået i desse sakene, og allmennpreventive omsyn tilseier ei streng straff.
Dommen avklarer straffenivået for å unndra barn omsorg frå barnevernet ved å dra til utlandet.
Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 261, § 78 bokstav f
Nøkkelavsnitt: 25, 40, 42
Dommarar: Falkanger, Normann, Kallerud, Bergsjø, Ringnes