Loven hLova hindrar ikkje svært like formuleringar i ting- og lagmannsrettsdommarndrer ikke svært like formuleringer i ting - og lagmannsrettens dommer

Høgsteretts dom 5. mai 2022, HR-2022-926-A, (sak nr. 21-135961STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Kim Ellertsen) mot Påtalemakta (statsadvokat Asbjørg Lykkjen)

I ei omfattande straffesak mot ein tidlegare advokat hadde lagmannsretten og tingretten svært lik grunngiving. Spørsmålet var om dette var ein saksbehandlingsfeil, og kva betydning dette hadde for om lagmannsretten kunne seiast å ha gjort ei sjølvstendig vurdering av saka.

Høgsterett kom til at det ikkje er i direkte strid med lova at ankedomstolen i større eller mindre grad bruker dei same formuleringane som ein tidlegare instans har brukt. Høgsterett framheva likevel at framgangsmåten er uheldig, mellom anna fordi det kan svekke tilliten til at ankeinstansen har gjort ei sjølvstendig vurdering av saka. Det hadde derfor vore klart å føretrekke om lagmannsretten anten hadde formulert ei sjølvstendig grunngiving eller, med eventuelle tilleggskommentarar, uttrykkeleg sitert og slutta seg til grunngivinga til tingretten.

Høgsterett kom etter ei konkret og samla vurdering til at det ikkje var tvilsamt at lagmannsretten i denne saka hadde avgjort saka på sjølvstendig grunnlag. Anken frå den tidlegare advokaten blei derfor forkasta.

Dommen gir rettleiing i korleis domsgrunnar frå ein tidlegare instans kan brukast som ledd i grunngivinga i ein ankeinstans, og kva som er god praksis i så måte.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Straffeprosess. Straffeprosesslova § 41 tredje ledd og § 331 første ledd

Nøkkelavsnitt: 19–20 og 55–58

Dommarar: Falkanger, Bull, Bergsjø, Arntzen, Thyness