Dommen blir oppheva fordi den tiltalte ikkje fekk stille spørsmål til den fornærma
Høgsteretts dom 10. mai 2022, HR-2022-955-A, (sak nr. 21-158435STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Ingvild Thorn Nordheim)
Ein far var tiltalt for seksuell omgang med den mindreårige dottera si. Det blei gjennomført tilrettelagt avhøyr av dottera på barnehuset og gjort videoopptak. Reglane i straffeprosesslova går ut på at avhøyr av mindreårige vitne blir spela av i retten og erstattar den personlege forklaringa i retten. Den tiltalte har ein grunnleggande rett til å få stille spørsmål til vitne, og lova har derfor reglar om at den sikta skal få tilgang til videoopptak av vitneforklaringar og ha rett til å krevje supplerande tilrettelagde avhøyr av vitna. I denne saka blei ikkje desse reglane følgde, og den tiltalte sin rett til kontradiksjon etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), Grunnlova og straffeprosesslova var ikkje varetatt. Dommen i lagmannsretten, der den tiltalte blei dømd, blir derfor oppheva. Lagmannsretten må no behandle saka på nytt.
Dommen avklarer kva rettar den tiltalte har i saker der det blir halde barneavhøyr, og gjennomgår relevant praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Rettsområde: Straffeprosess. EMK artikkel 6, straffeprosesslova §§ 239
Nøkkelavsnitt: 27–30, 37, 44–45
Dommarar: Skoghøy, Normann, Ringnes, Arntzen, Falch