Straffutmåling etter valdtekt og ny standard for oppreisningserstatning
Høgsteretts dom 13. mai 2022, HR-2022-980-A, (sak nr. 22-025696STR-HRET), straffesak, anke over dom.
I. A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (statsadvokat Kristine Herrebrøden)
II. A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot B (advokat John Christian Elden)
Ei jente som nettopp hadde fylt 14 år, blei valdtatt av ein gut som på handlingstidspunktet var nær 18 år. Lovbrytaren trua og brende den krenkte med ein lighter, heldt henne fast og førte fingrar inn i skjeden hennar.
Ved straffutmålinga la Høgsterett betydeleg vekt på den låge alderen til jenta og tok utgangspunkt i ei straff på i overkant av fire år. På grunn av den unge alderen til lovbrytaren blei straffenivået redusert til tre år og seks månader, og eitt år av straffa blei gjort til vilkårsstraff.
Ved utmålinga av oppreisningserstatninga tok Høgsterett utgangspunkt i dagens standarderstatning for valdtekt til samleie – 150 000 kroner. Høgsterett slo samtidig fast at det var tid for ei oppjustering. Heretter skal oppreisningserstatninga utmålast ut frå to gonger grunnbeløpet i folketrygda (G-regulering). På den måten vil erstatningsnivået følge den økonomiske utviklinga i samfunnet. Med ei slik normering vil erstatninga no utgjere om lag 210 000 kroner. På grunn av den låge alderen til den krenkte i den konkrete saka blei den samla erstatninga sett til 240 000 kroner.
Dommen avklarer betydninga av at både den krenkte og lovbrytaren er unge, ved straffutmålinga for valdtekt. Avgjerda innfører ei G-regulert standarderstatning for valdtekt.
Rettsområde: Strafferett. Oppreisningserstatning. Skadeserstatningslova § 3-5 første ledd
Nøkkelavsnitt: 22, 42, 50, 54
Dommarar: Øie, Normann, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg