Bøtelegging etter demonstrasjon som hindra trafikken, var ikkje i strid med forsamlingsfridommen
Høgsteretts dom 13. mai 2022, HR-2022-981-A, (sak nr. 21-162994STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A, B (advokat Aurora Lindeland Geelmuyden) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)
To demonstrantar frå Extinction Rebellion blei bøtelagde etter ein aksjon der dei utan å ha varsla politiet var med på å stoppe trafikken i om lag 90 minutt på Ring 1 i Oslo ein måndagsmorgon.
Hovudspørsmålet i saka var om inngrepet var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 11 om forsamlingsfridom. Høgsterett kom til at det ikkje låg føre brot på artikkel 11. Samfunnet må tole at dagleglivet blir forstyrra i ein viss grad, og styresmaktene må vise ein viss toleranse, men der det er fare for liv og helse, kan styresmaktene gripe inn straks. Det skal vanlegvis også mykje til for at inngrep mot ein aksjon som forstyrrar trafikken i alvorleg grad, som ikkje er varsla, og som er i strid med nasjonalt regelverk, er i strid med artikkel 11.
Høgsterett uttalte også at EMK artikkel 11 ikkje fører med seg at bøtenivået etter ulovlege demonstrasjonar generelt skal reduserast.
Høgsterett fann at bøtenivået i utgangspunktet burde vere på 20 000 kroner. Bøtene blei etter frådrag av varetekt sette til 18 000 kroner.
Høgsterett fann vidare at tida var inne for å justere grunnlaget for omrekning av bøtestraff til subsidiært fengsel frå 500 til 1000 kroner per dag. Den subsidiære fengselsstraffa blei derfor – før frådrag for fridomstap – sett til 20 dagar.
Dommen illustrerer grensene for den straffrie demonstrasjonsretten. I tillegg avklarer dommen fleire spørsmål knytte til straffutmåling ved bøter.
Rettsområde: Menneskerettar. EMK artikkel 11. Bøtestraff
Nøkkelavsnitt: 34, 54, 64
Dommarar: Øie, Kallerud, Bergsjø, Bergh, Høgetveit Berg