Den som er dømd for å ha overlate bi-len til ein påverka person, kan ikkje samtidig dømmast for medverknad til køyring i påverka tilstand

Høgsteretts dom 13. september 2022, HR-2022-1753-A, (sak nr. 22-020057STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Helene Bærug Hansen)

Etter ei bilulykke i desember 2019 i Troms, der éin passasjer omkom, var føraren dømd mellom anna for køyring i påverka tilstand. Saka for Høgsterett gjaldt eigaren av bilen. Han var i lagmannsretten dømd for både å ha overlate bilen til ein uskikka sjåfør (vegtrafikklova § 17 andre ledd) og for å ha medverka til køyring i påverka tilstand (vegtrafikklova § 22, jf. straffelova § 15). Medverknaden, utover at bilen var overlaten til ein uskikka sjåfør, var ifølge tiltalen at bileigaren saman med andre hadde gjort ein avtale om køyringa, og at han var blitt med som passasjer.

Høgsteretts syn er at det ikkje er grunnlag for å bruke dei to straffeføresegnene saman – i såkalla idealkonkurrens. Sjølv om føresegnene ikkje fullt ut overlappar kvarandre, får ein ikkje markert noko ytterlegare straffverd ved å bruke begge. Det dreier seg om føresegner som gjeld medverknad til det same primærlovbrotet – køyring i påverka tilstand. Formålet med føresegnene er også det same – å hindre uskikka køyring og auke trafikktryggleiken.

Høgsterett opphevar derfor delar av domfellinga i lagmannsretten og set straffa for bileigaren noko ned.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett. Konkurrens. Vegtrafikklova § 22 og § 17 andre ledd. Straffelova § 15.

Nøkkelavsnitt: 36–38

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Bergsjø, Arntzen, Bergh