Mildare reaksjonar overfor rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk

Høgsteretts dom 8. april 2022, HR-2022-731-A, (sak nr. 21-159952STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre) mot A (advokat John Christian Elden)

Høgsteretts dom 8. april 2022, HR-2022-731-A, (sak nr. 21-159952STR-HRET), straffesak, anke over dom.

Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre) mot A (advokat John Christian Elden)

Høgsterett har sagt dom i tre saker (HR-2022-731-A, HR-2022-732-A, HR-2022-733-A) om straffutmåling for rusavhengige når det gjeld narkotika til eige bruk. Sakene gjaldt ulike mengder narkotika og blei behandla med dei same dommarane. Bakgrunnen var dei lovgivarsignala som kom til uttrykk ved Stortingets behandling av Solberg II-regjeringas forslag om ei rusreform. Sjølv om fleirtalet ikkje gjekk inn for ei generell avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk, var det tverrpolitisk einigheit om at det er lite formålstenleg å straffe tungt rusavhengige for slike lovbrot. Sakene som no er behandla i Høgsterett, avklarer betydninga og rekkevidda av desse lovgivarsignala.

 

HR-2022-731-A gjaldt utmåling av straff for oppbevaring av fire gram heroin til eige bruk. Den domfelte hadde brukt ulovlege rusmiddel sidan tolvårsalderen og vore avhengig av heroin sidan han var 20 år. Spørsmålet var særleg kva som – i lys av dei nye lovgivarsignala – er ein riktig reaksjon overfor rusavhengige for mindre mengder narkotika til eige bruk.

Høgsterett var ikkje einig med forsvararen i at den rusavhengige måtte frifinnast fordi straff ville krenke retten hans til privatliv. Den riktige reaksjonen i slike saker er slik Høgsterett ser det, straffutmålingsfråfall etter straffelova § 61. Dette inneber at det ikkje blir utmålt straff sjølv om handlinga er ulovleg. Høgsterett uttalte at erverv, innehav og oppbevaring av inntil fem gram heroin, amfetamin eller kokain til eige bruk heretter i utgangspunktet skal føre til straffutmålingsfråfall. Det same gjeld sjølve bruken av stoffa.

Praksisomlegginga er grunngitt med dei signala som blei gitt under stortingsbehandlinga av rusreforma. I dommen blir det gjort greie for betydninga av slike lovgivarsignal, for det strafferettslege likskapsprinsippet og for bruksområdet for føresegna om straffutmålingsfråfall.

Dommen avklarer den nye reaksjonspraksisen overfor rusavhengige ved mindre enn fem gram heroin, amfetamin og kokain til eige bruk.

Les heile avgjerda

Nøkkelavsnitt: 44, 70

Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 231, legemiddellova § 31 andre ledd jf. § 24 første ledd. Straffelova §§ 61, 34 og 48.

Dommarar: Skoghøy, Webster, Kallerud, Bergsjø, Steinsvik