Ytring retta mot 16-åring var straffbar

Høgsteretts dom 8. september 2022, HR-2022-1707-A, (sak nr. 22-025662STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (statsadvokat Alf Butenschøn Skre)

Ein 57 år gammal mann hadde på Jessheim togstasjon ropt til ei jente på noko under 17 år at ho burde «dra tilbake til Somalia så får du det mye bedre, for der får du ikke noe NAV». Ytringa kom etter ein oppheta diskusjon, som mannen hadde starta.

Fleirtalet i Høgsterett har komme til at ytringa var straffbar fordi ho blei sett fram overfor eit barn.

Høgsterett tok utgangspunkt i at ein må forstå straffelova § 185 om diskriminerande og hatefulle ytringar i lys av grunnleggande føresegner om ytringsfridom. Det inneber at det berre er kvalifisert krenkande utsegner som er straffbare, og at det er ein relativt romsleg margin for smaklause ytringar.

Høgsterett slår fast at terskelen for å domfelle etter straffelova § 185 i utgangspunktet er den same enten ytringa er retta mot ein vaksen eller mot eit barn.

Høgsterett meinte at sjølv om ytringa var klart sårande, smaklaus og fornærmande, ville ho ikkje vore kvalifisert krenkande dersom ho hadde vore sett fram overfor ein vaksen. Eit fleirtal på tre dommarar meinte at det ved vurderinga av om utsegna er kvalifisert krenkande, må leggast betydeleg vekt på at ho var sett fram av ein vaksen overfor ein mindreårig. Det blei vist til at små barn og ungdommar er sårbare for ytringar som knyter seg til etnisiteten deira, og at barn og unge med minoritetsbakgrunn blir ramma ekstra hardt av rasistiske utsegner. Ytringa her blei vurdert til å være heilt i grenseland av kva som er straffbart av utsegner overfor barn.

Fordi lagmannsretten hadde ei utilstrekkeleg beskriving av kva den tiltalte hadde som forsett, må dommen opphevast. Lagmannsretten skulle ha vurdert om den tiltalte bevisst tok det standpunktet at han ville sette fram ytringa sjølv om den fornærma skulle vere under 18 år. Saka må no behandlast på nytt i tingretten.

Eit mindretal på to dommarar meinte at ytringa ikkje var straffbar. Mindretalet var einig med fleirtalet i at den framsette ytringa var sårande, smaklaus og fornærmande, men kom til at ho ligg under terskelen for kva som er omfatta av straffelova § 185.

Dommen gir rettleiing i korleis ein skal forstå straffelova § 185 når den fornærma er mindreårig.

Les heile avgjerda

Rettsområde: Strafferett. Straffelova § 185

Nøkkelavsnitt: 21, 27, 28, 30

Dommarar: Webster, Normann, Falch, Østensen Berglund, Thyness