Overtredelse av konkurranseloven § 10 om forbud mot samarbeid med et konkurransebegrensende formål

Høgsteretts dom 21. mai 2021, HR-2021-1086-A, (sak nr. 20-160777SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

I.
Cappelen Damm Holding AS, Cappelen Damm AS (advokat Olav Kolstad) mot Staten v/Konkurransetilsynet (Regjeringsadvokaten v/advokat Pål Erik Wennerås), (Rettsleg medhjelpar: advokat Kristin Hallsjø Aarvik)
II.
Gyldendal ASA, Gyldendal Norsk Forlag AS (advokat Siri Teigum) mot Staten v/Konkurransetilsynet (Regjeringsadvokaten v/advokat Pål Erik Wennerås) (Rettsleg medhjelpar: advokat Kristin Hallsjø Aarvik)

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Kallerud, Bergsjø, Arntzen

Fire bokforlag hadde samarbeidd om korleis dei skulle opptre overfor ein felles distributør av bøker i den såkalla massemarknaden (kioskmarknaden). Høgsterett kom samrøystes til at samarbeidet hadde som formål å redusere konkurransen på ein slik måte at forholdet blei ramma av konkurranselova § 10 første ledd. Det var da ikkje nødvendig å undersøke om samarbeidet faktisk hadde konkurransereduserande verknader. Også samarbeid som kan fjerne usikkerheit om korleis en konkurrent vil opptre i marknaden og derfor påverke konkurransen i seg sjølv, er rekna for å ha eit konkurransereduserande formål.

Høgsterett uttalte seg også om spørsmål knytte til kva føretak, når det gjeld omsetning, det kan takast utgangspunkt i ved utmåling av lovbrotsgebyr.

Dommen gir rettleiing for forståinga av kva som etter konkurranselova § 10 første ledd kan vere eit samarbeid som etter sin art har til formål å redusere konkurransen.

Les heile avgjerda