Motrekning i festeforhold
Høgsteretts dom 25. mai 2021, HR-2021-1106-A, (sak nr. 20-158870SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
I.
Aadne Ådneram (advokat Sveinung Eliassen), Ånen Ådneram (advokat Yngve Andersen), mot Svein Henrik Vormedal (grupperepresentant for Gruppesøksmål Ådneram Fjellgrend) (advokat Cecilie Engebretsen)
II.
Svein Henrik Vormedal (grupperepresentant for Gruppesøksmål Ådneram Fjellgrend) (advokat Cecilie Engebretsen) mot Aadne Ådneram (advokat Sveinung Eliassen), Ånen Ådneram (advokat Yngve Andersen)
Dommarar: Indreberg, Falkanger, Kallerud, Falch, Thyness
Ei gruppe eigarar av hytter på festa grunn gjorde gjeldande at dei var blitt belasta med ulovleg innfestingsavgift som dei kunne krevje tilbake frå grunneigarane, jf. tomtefestelova § 6. Dei hevda vidare at dei, trass i at tilbakebetalingskrava var forelda, hadde rett til å motrekne tilbakebetalingskrava i framtidig festeavgift og i innløysingssum ved ei eventuell seinare innløysing av festetomtene.
Høgsterett kom etter ei tolking av foreldingslova § 26 bokstav b til at hytteeigarane kan nytte sine eventuelle tilbakebetalingskrav til motrekning i festeavgift, men ikkje i ein eventuell innløysingssum. Eit sentralt tolkingsspørsmål var når krav på høvesvis festeavgift og innløysingssum i denne samanhengen skal reknast for å vere «oppstått». Ved tolkinga la Høgsterett vekt på formålet med føresegna, som er å verne forventa motrekningsposisjonar.
Behandlinga av spørsmåla i saka var delt, slik at Høgsterett ikkje tok stilling til om det er betalt ulovlege innfestingsavgifter. Saka går derfor tilbake til tingretten for behandling.
Dommen gir rettleiing om vilkåra for motrekning og høvet til å motrekne med forelda krav etter foreldingslova § 26 bokstav b.