Asyl på grunnlag av konvertering
Høgsteretts dom 3. juni 2021, HR-2021-1209-A, (sak nr. 20-160710SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B (advokat Nadin Askeland Humlen), Norsk organisasjon for asylsøkere (partshjelpar)
(advokat Arild Karl Humlen), Den norske kyrkja (partshjelpar) (advokat Kristin Veierød) mot
Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Stub)
Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Bergsjø, Falch, Østensen Berglund
Høgsterett kom til at eit ektepar frå Afghanistan ikkje hadde krav på status som flyktningar på grunnlag av påstått konvertering frå islam til kristendommen etter at dei kom til Noreg. I utlendingsretten gjeld det alminnelege sivilprosessuelle kravet om at det mest sannsynlege faktumet skal leggast til grunn. I asylsaker må likevel forklaringa til søkaren i enkelte samanhengar leggast til grunn dersom forklaringa er nokolunde sannsynleg. I avgjerda blir det gjort greie for når eit slikt avdempa beviskrav skal brukast, og kva som nærmare ligg i det. Det blir mellom anna slått fast at det avdempa beviskravet gjeld i konvertittsaker. Avgjerda inneheld også ei generell utgreiing av prinsippa for bevisvurderinga i slike saker. Mellom anna blir det sagt noko om kor stor vekt det skal leggast på erklæringar frå personar som kjenner søkaren, mellom anna frå prestar og andre med religionsfagleg kompetanse.
I den konkrete vurderinga delte Høgsterett seg. Fleirtalet (tre dommarar) fann at ei rekke omstende svekte truverdet i forklaringane til søkarane. Erklæringar frå prestar som støtta forklaringane til søkarane, medførte at bevisa elles måtte underleggast ei kritisk vurdering. Med tanke på svakheitene i forklaringane kunne ikkje erklæringane frå prestane vere avgjerande. Eit mindretal (to dommarar) kom til at erklæringane frå prestane måtte vere utslagsgivande.
Avgjerda klargjer kva for beviskrav som gjeld når det blir søkt om asyl på grunnlag av konvertering. Avgjerda gjer også greie for prinsippa for bevisvurderinga.