Skattlegging av arbeid «offshore»
Høgsteretts dom 8. juni 2021, HR-2021-1243-A, (sak nr. 21-013294SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Moises Corrales Entenza, Jose Ramon Rodriguez Pineiro, Feliciano Fernandez Lago, Juan Manuel Alsina Dominguez, Farid Ati Allah, Francisco Jose Caamaño Leon, Poseidon Personnel Services S.A. (partshjelpar) (advokat Anette Fjeld) mot Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Andreas Hjetland)
Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bull, Falch, Thyness
Høgsterett gav saksøkarane delvis medhald i ei sak som dreidde seg om forståinga av den såkalla sokkelføresegna i Noregs skatteavtalar med Belgia og Spania.
Saksøkarane var alle sjøfolk med bustad i utlandet. Dei hadde arbeidd om bord i eit skip som frakta eit plattformdekk frå ei oljeplattform på sokkelen og inn til eit verft på land, der dekket skulle hoggast opp.
Dei fleste av skatteavtalane Noreg har med andre land, inneheld ei eiga føresegn om skattlegging av arbeid som er utført «offshore» med tilknyting til leiting eller utvinning av ressursar på eller under havbotnen. Ifølge denne føresegna føreset skatteplikt til Noreg at arbeidet er utført «offshore» ‒ på norsk «utenfor kysten». Vidare er det eit vilkår at talet på arbeidsdagar overstig 30 i løpet av ein tolvmånadersperiode.
Høgsterett kom til at norske skattemyndigheiter tolka føresegna riktig når det var lagt til grunn at arbeid «offshore» også omfatta arbeid på skipet medan det oppheldt seg i indre norske farvatn, innanfor den såkalla grunnlinja, som ifølge havretten er utgangspunktet for berekning av territorialgrensa til sjøs. Likevel meinte Høgsterett at det var feil av skattemyndigheitene å rekne med avspaseringsdagar som turnusordninga til sjøfolka gav rett til som følge av dei aktive arbeidsdagane offshore, ved bruken av 30-dagarsregelen.
Avgjerda gir rettleiing om forståinga av sokkelføresegna i Noregs skatteavtalar med utlandet. Ordlyden kan variere noko frå avtale til avtale, men i svært mange avtalar er ordlyden i praksis den same som i avtalane med Belgia og Spania.