Tvunge tilbakehald i somatisk helseinstitusjon
Høgsteretts dom 10. juni 2021, HR-2021-1263-A, (sak nr. 21-050130SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Erik Bryn Tvedt) mot Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet
(Regjeringsadvokaten v/advokat Kirsten Berger)
Dommarar: Skoghøy, Kallerud, Ringnes, Arntzen, Thyness
Høgsterett opprettheldt eit vedtak om tvungen helsehjelp i form av tilbakehald i somatisk helseinstitusjon.
Pasienten hadde samansette og omfattande helseproblem som i stor grad var forårsaka og forsterka av langvarig alkoholmisbruk.
Høgsterett fann at ho ikkje var samtykkekompetent etter pasientrettslova § 4-3, og helsehjelpa blei sett på som nødvendig og forholdsmessig for å unngå vesentleg helseskade. Ei utskriving ville svært sannsynleg innebere at ho fall tilbake til det gamle drikkemønsteret, noko som kan få dødeleg utgang også på kort sikt. Sjølv om pasienten har vore halden tilbake med tvang i tre år, ser tiltaket ut til å vere den klart beste løysinga for henne.