Kirurgisk inngrep som vilkår for forsikringsutbetaling
Høgsteretts dom 22. juni 2021, HR-2021-1338-A, (sak nr. 20-166713SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat Øyvind Vidhammer), Arbeidstakarorganisasjonen Parat (partshjelpar) (advokat Christen Horn Johannessen) mot Protector Forsikring ASA (advokat Joachim Dahl Wogstad Skjelsbæk)
Dommarar: Matheson, Noer, Kallerud, Falch, Thyness
Høgsterett kom til at eit forsikringsselskap kunne nekte forsikringsutbetaling fordi den forsikra personen hadde late vere å gjennomføre ein gallesteinsoperasjon, jf. forsikringsavtalelova § 13-12.
Ein flygar mista legeattesten, og dermed flysertifikatet, fordi han fekk gallesteinsanfall. Han kravde dekning under ei såkalla lisensforsikring som arbeidsgivaren hadde teikna, men fekk avslag. Forsikringsselskapet meinte flygaren ville få legeattesten tilbake om han gjennomførte ein gallesteinsoperasjon, og dermed ville ansvaret til selskapet bortfalle.
Høgsterett kom til at ansvaret til forsikringsselskapet «åpenbart» vil bortfalle dersom flygaren gjennomfører operasjonen. Utsiktene til at ein slik operasjon blir vellykka, er svært gode.
Høgsterett kom vidare til at eit pålegg om ein slik operasjon ikkje er «et urimelig inngrep i friheten til å råde over sin person». Det blei lagt vekt på at dette er ein rutineoperasjon som blir gjord med kikkhòlsteknikk. Inngrepet er ikkje spesielt omfattande og påfører ikkje flygaren særlege belastningar.
Endeleg kom Høgsterett til at ansvaret til forsikringsselskapet ikkje berre skulle settast ned, men bortfalle heilt.
Avgjerda klargjer grensene for kva tiltak ein forsikra person må finne seg i å gjere for å avgrense ansvaret til forsikringsselskap.