Spørsmål om besteforeldres samværsrett etter barnevernlova

Høgsteretts dom 1. juli 2021, HR-2021-1437-A, (sak nr. 21-016374SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Harald Grape) mot X kommune (advokat Frode Lauareid), B, C
(advokat Halvard Helle)

Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Kallerud, Ringnes og Høgetveit Berg

Spørsmålet i saka var om ei mormor kan krevje at fylkesnemnda tar stilling om ho har rett til samvær med eit barnebarn som er under offentleg omsorg og bur i fosterheim.

Barnevernlova § 4-19 fjerde ledd bokstav b bestemmer at slektningar og andre som barnet har nær tilknyting til, kan krevje partsstatus dersom det er fastsett eit «svært begrenset» samvær mellom foreldra og barnet.

Høgsterett har i tidlegare avgjerder komme til at eit samvær på to timar tre gonger i året er «svært begrenset», medan eit samvær på to eller tre timar fire gonger i året ikkje er «svært begrenset». Den siste av desse avgjerdene er frå 2015. Etter dette har det skjedd ei vesentleg utvikling i rettspraksis med omsyn til fastsetting av samværsomfang. Høgsterett viser i dommen til storkammeravgjerda HR-2020-662-S og tre høgsterettsavgjerder frå 2. mars 2021 om samvær.

Høgsteretts konklusjon er at eit samvær med foreldra på tre timar seks gonger i året, som er fastsett i denne saka, må reknast som eit svært avgrensa samvær. Kravet om rett til samvær med barnebarnet skal da avgjerast av fylkesnemnda.

Avgjerda avklarer at nivået for «svært begrenset samvær» etter § 4-19 fjerde ledd bokstav b er seks samvær i året. Høgsterett tar ikkje stilling til kva situasjonen vil vere dersom varigheita av samværa er ein dag eller eit døgn. 

Les heile avgjerda