Sjølvstendig rettsvernshevd

Høgsteretts orskurd 1. september 2021, HR-2021-1773-A, (sak nr. 21-042786SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

Steinar Mathisen (advokat Helge Skaaraas) mot Bank Norwegian ASA
(advokat Kjetil Vangsnes)

Dommarar: Skoghøy, Falkanger, Noer, Bergsjø, Steinsvik

Den ankande parten kjøpte ein eigedom i 1998, men tinglyste ikkje ervervet. Han hadde eigd eigedommen sidan overdraginga og brukt han som sin eigen. I 2019 kravde ein bank utlegg i ei sak mot seljaren av eigedommen, som framleis stod som heimelshavar.
Grunnlaget var misleghalden gjeld.

Spørsmålet i saka var om den ankande parten hadde oppnådd rettsvern overfor kreditorane til seljaren gjennom å ha eigd og brukt eigedommen i hevdstid.

Eit fleirtal i Høgsterett (fire dommarar) fann at det er grunnlag for å oppstille ein regel om sjølvstendig rettsvernshevd. Det blei mellom anna vist til fråsegner i forarbeida til tinglysingslova som tilsa at det kunne vere mogleg å få rettsvern for avtalte rettar etter hevdstid, til fråsegner gitt i samband med seinare lovarbeid, og til reelle omsyn. Ettersom den ankande parten hadde eigd og brukt eigedommen som sin eigen i full hevdstid, kom fleirtalet til at han hadde oppnådd rettsvern gjennom sjølvstendig rettsvernshevd og dermed hadde rettsvern mot kravet frå banken om utleggspant i eigedommen.

Eit mindretal (éin dommar) kom til at anken skulle forkastast, med særleg tilvising til ordlyden i tinglysingslova. Det blei mellom anna vist til at spørsmålet om kva som skal til for at ein avtaleervervar skal få rettsvern utan tinglysing, er både praktisk viktig og vanskeleg, og at den nærmare avgrensinga bør gjerast av lovgivaren.

Avgjerda slår fast at det er mogleg å oppnå rettsvern ved sjølvstendig rettsvernshevd.

Les heile avgjerda