Krav om erstatning for påstått ulovleg innkravd elavgift
Høgsteretts dom 1. oktober 2021, HR-2021-1933-A, (sak nr. 20-146493SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Henriette Lund Busch) mot Gasum AS (advokat Bjørn Christian Lilletvedt Tovsen)
Dommarar: Matheson, Noer, Bull, Falch, Thyness
Høgsterett kom til at det ikkje var feil at eit selskap hadde betalt ordinær elavgift, og at staten dermed ikkje var erstatningsansvarleg for feil rettsbruk.
Verksemda til selskapet bestod i omdanning av tørrgass til flytande væske – LNG. Dette er ei svært energikrevjande verksemd. Selskapet meinte at det hadde krav på redusert elavgift på linje med verksemder innan industri, bergverk og utvinning.
Selskapet var kategorisert som ei teneste knytt til transport etter det norske statistikkregelverket. Det var bakgrunnen for at selskapet hadde måtta betale ordinær avgift. Høgsterett kom til at det ikkje var feil når verksemda til selskapet var kategorisert slik.
Redusert elavgift er statsstøtte etter EØS-regelverket. Selskapet fekk likevel ikkje medhald i at dei hadde krav på redusert elavgift i medhald av EØS-rettslege prinsipp om likebehandling. Høgsterett la vekt på at kategoriseringa var basert på internasjonale statistikkreglar og meld inn til ESA som dette i samsvar med gruppeunntaksforordninga. Det var faktiske forskjellar mellom verksemda til selskapet og anna verksemd som gav sakleg grunnlag for forskjellsbehandlinga.
Avgjerda gir rettleiing mellom anna om forståinga av reglane om redusert elavgift og statsstøttereglane knytte til reduserte miljøavgifter.