Tilbakekall av førerett på grunn av manglande edruskap
Høgsteretts dom 21. oktober 2021, HR-2021-2050-A, (sak nr. 21-036835SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten
v/advokat Erlend Baldersheim) mot A (advokat Thomas Frøberg)
Dommarar: Bull, Ringnes, Falch, Høgetveit Berg, Steinsvik
Ein 25 år gammal mann fekk tilbakekalla føreretten på grunn av manglande edruskap, jf. vegtrafikklova § 34 femte ledd. Grunnlaget var bruk og oppbevaring av cannabis. I forklaringa si til politiet hadde mannen opplyst at han den siste tida hadde brukt cannabis eit par gonger i månaden.
Høgsterett kom til at cannabisbruken ikkje var omfattande og regelmessig nok til at ein kunne konkludere med at innehavaren av føreretten ikkje var «edruelig» og dermed uskikka til å føre motorvogn. Politidirektoratets vedtak om tilbakekall blei derfor kjent ugyldig.
Høgsterett tok utgangspunkt i at vilkåra i vegtrafikklova om manglande edruskap krev at innehavaren bruker rusmiddel i eit så stort omfang og så regelmessig at han ikkje er skikka til å føre motorvogn. Det krevst ikkje rusavhengigheit i medisinsk forstand, men enkeltståande tilfelle og meir sporadisk bruk av rusmiddel fell utanfor. Om den nedre grensa for manglande edruskap er overskriden, må vurderast konkret. Det sentrale er om bruken av rusmiddel gir reell grunn til å frykte at vedkommande vil komme til å køyre i ruspåverka tilstand.
Som eit utgangspunkt for den konkrete vurderinga uttalte Høgsterett at bruk av cannabis i små mengder inntil tre gonger per månad ikkje aleine er tilstrekkeleg til å underbygge at brukaren «ikke er edruelig» ifølge vegtrafikklova.
Avgjerda gir rettleiing om tolkinga av vilkåret om manglande edruskap som grunnlag for tilbakekall av retten til å føre motorvogn.