Entreprenør frifunnen for å måtte dekke krav som var forelda etter bustadoppføringslova
Høgsteretts dom 12. november 2021, HR-2021-2201-A, (sak nr. 21-028235SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Kruse Smith Entreprenør AS (advokat Kjersti Lerkerød), Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA) (partshjelpar) (advokat Nils-Henrik Pettersson) mot Hovedgårdsparken Borettslag (advokat Jan-Erik Grundtvig Sverre) (Rettsleg medhjelpar: advokat Espen Ragnar Hamar)
Dommarar: Skoghøy, Matheson, Bergsjø, Steinsvik, Sæther
Ein entreprenør hadde ført opp eit bustadkompleks etter kontrakt med eit utbyggingsselskap. Bygget blei seinare kjøpt av eit burettslag. Spørsmålet i saka var om alminnelege erstatningsreglar kunne brukast slik at ansvaret entreprenøren hadde overfor burettslaget for bygningsmessige manglar, blei utvida i tid for krav som elles var forelda etter bustadoppføringslova. Høgsterett peikte på at eit slikt supplerande ansvar for entreprenøren med utgangspunkt i sviktande oppfylling av plikter etter plan- og bygningslova etter rettspraksis krev at tredjemann er blitt påført eit betydeleg tap og sett i ein vanskeleg situasjon. Det var ikkje tilfellet i den konkrete saka. Entreprenøren blei derfor frifunnen for denne delen av kravet.
Avgjerda gir rettleiing for kva som krevst for at ein entreprenør er ansvarleg utanfor kontrakt overfor ein seinare bustadkjøpar.