Advokatansvar. Mangelfull rådgiving. Vilkår for vern av lausøyrekjøparen overfor kreditorane til seljaren.
Høgsteretts dom 18. november 2021, HR-2021-2248-A, (sak nr. 21-046524SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Aurstad Maskinutleige AS (advokat Hallgrim Fagervold) mot Advokatfirma DLA Piper Norway DA (advokat Sven Eriksrud), Zurich Insurance Plc, Norway Branch (advokat John Gjermund Flatabø)
Dommarar: Webster, Normann, Noer, Arntzen, Høgetveit Berg
To heileigde konsernselskap hadde inngått avtalar om sal og samtidig tilbakeleige av anleggsmaskiner. Seljarselskapet gjekk konkurs kort tid etter overdraginga av maskinparken, og konkursbuet tok beslag i maskinene som var i arbeid på eit prosjekt. Maskinene var ikkje blitt flytta i samband med salet. Kjøparselskapet gjekk til søksmål mot advokatfirmaet som hadde opptredd som rådgivar i samband med transaksjonen, og kravde erstatta det tapet selskapet var påført som følge av forliket med buet.
Høgsterett (fleirtalet) kom til at kjøparen ikkje hadde rettsvern for eigedomsretten sin til dei selde maskinene på beslagstidspunktet. Konkursbuet til seljaren kunne derfor ta beslag i dei. Høgsterett meiner at det som hovudregel eller utgangspunkt gjeld eit krav om å ta frå seljaren rådigheita over lausøyre for at kjøparen skal oppnå rettsvern mot kreditorane til seljaren. Det var ikkje grunnlag for å gjere unntak frå hovudregelen for avtalar om sal og samtidig tilbakeleige. Advokatfirmaet hadde erkjent ansvarsgrunnlag dersom Høgsterett kom til at transaksjonen ikkje hadde vern mot kreditorane til seljaren.
Éin dommar hadde ein særmerknad knytt til rettsvernsspørsmålet. Denne dommaren såg det slik at det ikkje var grunnlag for å stille så strenge og absolutte krav til rettsvernet som fleirtalet gav uttrykk for.
Avgjerda avklarer kva for vilkår som gjeld for at ein kjøpar av lausøyre skal få vern mot kreditorane til seljaren.