Gyldigheten av vedtak om inndragning av fangstoppgjør
Høgsteretts dom 23. november 2021, HR-2021-2275-A, (sak nr. 21-049535SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Pelagia AS, Sjømat Norge (partshjelpar) (advokat Ivar Skauge Strandenes)
mot Staten v/Nærings- og fiskeridepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Karen Mellingen)
Dommarar: Skoghøy, Matheson, Noer, Thyness, Sæther
Norges Sildesalgslag vedtok som følge av treg omsetning ei forskrift om mellombels stans i fisket og omsetninga av fiskeslaget tobis. I forbodsperioden blei det heller ikkje gitt omsetningsløyve. Eit dansk fiskefartøy omsette likevel fangsten sin, og Sildesalgslaget inndrog oppgjeret etter fiskesalslagslova § 21. Vedtaket om inndraging blei oppretthalde av Nærings- og fiskeridepartementet. Pelagia AS, som hadde erverva kravet på fangstoppgjer, meinte at inndraginga var ugyldig fordi lovheimel mangla.
Høgsterett kom til at fiskesalslagslova § 13 ikkje gir heimel til å stanse fiske og omsetning av fangst når ueinigheit om prisnivået leier til ein treg og uoversiktleg omsetningssituasjon. Både ordlyden i lova og forarbeida tilseier at vilkåret i § 13, at tiltak må vere «nødvendig av omsyn til avtaket», først er oppfylt dersom fiskemottaka ikkje er i stand til å ta unna fangstane som blir leverte. Det var ikkje tilfellet i denne saka. Staten fekk likevel medhald i at § 13 gir heimel ikkje berre til å stanse fisket, men også omsetninga, dersom omsynet til avtaket gjer det nødvendig.
Fiskestoppvedtaket var derfor ugyldig, og omsetning i strid med det kunne ikkje vere grunn til inndraging. Heller ikkje det at fangsten blei omsett utan at det var gitt omsetningsløyve av Sildesalgslaget, kunne gi grunnlag for å inndra fangstoppgjeret, ettersom avslaget på omsetningssøknaden bygde på den ugyldige forskrifta om fiskestopp.
Vedtaket om inndraging av fangstoppgjeret blei etter dette kjent ugyldig.
Dommen gir rettleiing om når fiskesalslaga kan vedta fiskestopp etter fiskesalslagslova § 13 og inndra fangstoppgjer etter § 21.